Inkluderande kontraktar i Bergen

Ein kommune kan vere inkluderande på mange måtar. I Bergen nyttar vi innkjøp som eit strategisk verktøy for at dørene til arbeidsmarknaden skal opnast for fleire, skriv byråd Dag Inge Ulstein (KrF).

Inkluderande kontraktar i Bergen
Foto: Vidar Langeland

Av Dag Inge Ulstein, byråd for finans, innovasjon og eigedom, Bergen kommune

Når ein kontrakt er reservert, kan den offentlege innkjøparen avgrense konkurransen til verksemder kor eit fleirtal av dei tilsette ikkje kan jobbe på ordinære vilkår. I 2008 og 2009 gjorde Bergen kommune vedtak om å ta denne føresegna i innkjøpsforskrifta aktivt i bruk. Føremålet var godt, men reglane fungerte berre delvis etter intensjonen. Verksemder med varig tilrettelagte arbeidsplassar klarte ikkje å konkurrere om kontraktane.

Dette er Inkluderende Kommune-prosjektet

Inkluderande kontrakt

Som stor innkjøpar har vi gjort oss ei anna god røynsle: Vi kan lyse ut konkurransar i den ordinære marknaden, men leggje til rette for at leverandørane skal bruke arbeidstakarar med trong for varig tilrettelagt arbeid.

Vi kallar dette inkluderande kontrakt. Tanken bak er å utnytte høvet som finst mellom den reserverte kontrakten og ein heilt vanleg kontrakt. Som innkjøpar kan vi stille krav til leverandørane våre. I ein inkluderande kontrakt stiller vi krav om at det skal vere ein viss bruk av tilsette som anten har nedsett funksjonsevne, arbeidsevne eller av andre årsaker har spesielle utfordringar på arbeidsmarknaden.

Inkluderande kontraktar i Bergen

Inkludering som eit krav

Med verknad frå 1. september 2017 har byrådet vedteke ein instruks om prosedyren for å ta reserverte og inkluderande kontraktar i bruk. Instruksjonen omfattar alle kontraktar og avdelingar. Bergen kommune kjøper årleg inn varer og tenester for seks milliardar kroner. I dette ligg ei marknadsmakt. Makta kan òg brukast til å fremme eit meir inkluderande arbeidsliv gjennom å bruke innkjøp som ein strategisk reiskap.

Normalt skal innkjøp, som ikkje eignar seg for bruk av reservert kontrakt, gjennomførast som ein inkluderande kontrakt. Målet med dette er å oppnå ein større grad av inkludering i arbeidslivet enn den kommunen kan få til gjennom reserverte kontraktar. Sjølv om ikkje alle oppdrag kommunen lyser ut fullt ut kan løysast ved å nytte arbeidstakarar med nedsett funksjons- eller arbeidsevne, er det mange oppdrag kor delar av oppdraget kan løysast ved å ta denne ressursen i bruk.

Gir fleire val

Det er fleire måtar å ordne dette på: Kravet om å inkludere arbeidstakarar med spesielle behov kan stå som eit definert krav i kontrakten. I evalueringa av tilbydarane er det òg mogeleg å stille eit slikt krav som eit tildelingskriterium. Leverandørane får uttelling når dei inkluderer personar med spesielle utfordringar på arbeidsmarknaden i gjennomføringa av kontrakten.

Dette opnar òg opp for at fleire av vekstverksemdene i Bergen kan vere med som underleverandørar til ein leverandør til Bergen kommune.

Eitt døme på dette er Grønneviken AS som jobbar med å plukke ut og pakke varar, kor vekstverksemda er underleverandør i kontrakten om å levere matvarer til skular og barnehagar. Eit anna døme er at 18 årsverk ved vekstverksemder i Bergen er underleverandørar i leveransen av middagar til institusjonar og hjemmebuande.

Se video der Dag Inge Ulstein snakkar om Inkluderande kontraktar

 

 Denne teksten ble første gang publisert i forbindelse med ASVLs Inkluderende Kommune-konferanse i Bergen 12. mars

Publisert